| Navn |
Margit Larsdtr Steinhaug |
- Olav Årneskåsa var ein framkjefta kar som ikkje brydde seg om kva han sa og kven
han sa det til. Han var gevorben soldat og log ute i krigen mot svenskane både i 1808-09
og i 1814. I fleire trefningar med svenskane var han med, såleis slaget ved Toverud i Aurskog
19. april 1808, da greiv Mørner med 120 svenskar blei fanga. Olav var patruljeførar
under den striden.
Seinare fortalde han ofte om da han log ute. Han og dei andre telane blei utkommandera
om våren 1808, og i den verste vårbløyta gjekk dei kvart eit steg frå Telemark over
Meheia og vidare til grensa. Dei vassa i snøgraut og vatn til langt på leggane. Fottøyet var
fillut og utslite, og dei andre kleda var tunne og kleine. Underklede bruka dei ikkje. Attåt
dette hadde dei lite og inkje til mat og niste, for hungersnauda rådde i landet. Kosten dei
hadde i hærtenesta var havre og tørrfisk. (Sjå Kjetil A. Flatin: Gamle hermennar fraa
Telemork og ein artikkel i Fremskridt ca. 1915 med tittelen «Nommer Kjeft».)
Olav var ute i mange spanande hendingar, og av den uvørne og beinframme måten å
uttrykke seg på, fekk han alt i felten tilnamnet «Nommer Kjeft». Det blei hengande ved
han så lenge han levde og i ettermælet hans til denne dag.
Etter at barna var reiste ut blei Olav og Marte sitjande att i den vesle husmannsstugo.
Plassen var på 5 mål jord, så dei fødde bare ei geit eller to. Dei gamle lei mykje vondt, og
ofte var det smått for dei både med mat og klede.
Olav var svært glad i det sterke, og til kvar jul hadde han alltid skrangla saman så mange
skillingar at han hadde til ein fempottedunk med brennevin. Men han fyste så på innhaldet
at som oftast var dunken tømd og sleika når juleftan kom.
I denne tida føre jul kom det liv i den gamle soldaten igjen. Da skildra han i sterke fargar
livet og stridene ved grensa. Etterpå kunne han gå ut i den vesle svala framfor stugo
og hauka utover bygda: «Hau, hau. Eg har vore ute og stae førr kuler og krut, med dei
andre log heime og feis i oska.» Det var hans måte å få sagt bygdefolket kor dårleg han
meinte dei stelte med og akta dei som hadde vog a liv og blod for bygd og fedreland. Olav
døde i februar 1857 og kona i juni året etter. [1]
|
| Fødsel |
Aug 1787 |
Nesland under Nes søndre, Nesherad [2] |
- Lars Christensen Huusmand under Næs og Ingebor Hansd, D: Martha, Test. Daniel Kaasen, Jon Hansen, Anun Ingebrethsen, Kari Olsd, Ingebor Ingebrethsd
|
| Kjønn |
Kvinne |
| Nevnt |
17 Apr 1800 |
Steinhaug under Kjørkjestugu, Nesherad [3] |
| Skifte etter Lars Kristensen |
| Død |
9 Jan 1858 |
Kåsa under Årnes søndre, Nesherad [4] |
- Marthe Larsdtr AarnæsKaasa, 70 aar, Legdslem, Tæring
|
| Person ID |
I22137 |
SimT |
| Sist endret |
4 Sep 2026 |
| Far |
Lars Kristensen Gvarv, f. Jan 1743, Gvarv under Lindheim nordre, Nesherad d. Okt 1799, Steinhaug under Kjørkjestugu, Nesherad (Alder 56 år) |
| Mor |
Ingeborg Hansdtr Stigen, f. Des 1745, Stigen under Lindheim, Nesherad d. 26 Jul 1822, Steinhaug under Kjørkjestugu, Nesherad (Alder 76 år) |
| Ekteskap |
15 Jul 1783 |
Saude kirke [5] |
- Laers Christensen Varf Enkemand og Ingebor Hansd Stigen Pige, Caut. Hans Lindem og Hans Christensen Varf, Efter Kongl. Bevilling, næst Søskende Børn
|
| Famile ID |
F1094 |
Gruppeskjema | Familiediagram |